page view image

Bjørn Tomren med band

EVENT INFORMATION
event image

Bjørn Tomren har i haust imponert heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og sin eineståande formidlingsevne har Tomren på kort tid rukke å bli folkeeige, og har blitt omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene».

Artisten, låtskrivaren og komikaren fra Tomrefjorden er også kjent frå den notoriske jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som blant anna har varma opp for a-ha og blitt stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv,«Kunsten å jodle». I 2019 ga Bjørn ut sitt første album, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at man kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus.

Som ein av landets mest allsidige musikarar spenn Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesang, dialekt-punk og psykedelisk-protest musikk.

Bjørn Tomren har også gjennomført fleire ekspedisjonar og innehar verdensrekorden i flest forseringar av Norge på langs; i kajakk, til fots, på ski og i robåt.

Han kan og sjå attende  på  ei kort  karriere som klovn. Eller som forfattaren Erlend Loe seier det: «Bjørn Tomren er ikke bare en gudbenådet musiker med fantastisk stemme. Han kan også sykle på ett hjul».

Stjernekamp er ikkje den første konkurransen der Tomren gjer seg bemerka. I 2017 deltok han på verdensmesterskapet i strupesang i Tuva, og tok heim en bronsehest.

konsert
fjaler
kyrkja