Steinar Engelbrektson Duo i Dale kyrkje

Arrangementsinformasjon

Duo med den ekte spelegleda.

Steinar Engelbrektson DUO har base i vakre Nordfjord. Medlemmane kjem frå nordvestlandet. Det som kjenneteiknar duoen er spelegleda dei leverer frå scena.  Mange er blitt glad i duoen som leverer Dansbar Country til sitt publikum. Låtar som «Ikkje gje opp håpet» og «Heim til Nordfjord» er låtar som skaper stemning og allsong.

Steinar Engelbrektson er no ute med ei ny plate og  to av låtane har allereie vore ute ei stund.  «Blue eyes crying in the rain» og «You’ll never be sorry». Desse er glimrande duettar sungen av Steinar Engelbrektson og Sissel Lunde Sundby. 

Steinar Engelbrektson DUO består av:
Steinar Engelbrektson, vokal/trekkspel
Sissel Lunde Sundby, vokal/tangenter

Konserten er arrangert av Fjaler sokneråd som ein del av Dalsfjordveka.