Line Dybedal m/band
Line Dybedal m/band i Dale kyrkje
Søndag 10. august kl. 19.00
AVSLUTTANDE KYRKJEKONSERT I FEST I FJALER

Musikken til Line Dybedal har blitt lista på både NRK P1 og P3 ei rekke gongar, og album har ikkje minst rulla både 5´arar og 6´arar på kritikarane sine terningar.
Med seg i bagasjen har også artisten tittelen “Årets artist 2023” (Luttprisen, NRK Sogn og Fjordane) der juryen meiner at Dybedal har ein sterk musikalsk identitet og er ein av dei fremste i sin sjanger frå gamlefylket.
Line Dybedal har ei heilt spesiell evne til å skrive ærlege, vare og nære tekstar. Dette i kombinasjon med ei klar stemme som varmar hjartet gir ho publikum ei stemningsfull oppleving. Det å spele i kyrkjerom er ein klar favoritt for artisten, og ho og bandet gler seg stor til å spele i Dale Kyrkje.